I berammingslista til Sogn og Fjordane tingrett finn du måndag saka «ekspropriasjonsskjønn i forbindelse med utbygging av Stad skipstunnel», og det er NRK som har snakka med råka grunneigarar som no må møte Kystverket i retten.

Dei fleste grunneigarane på Kjøde, har blitt einige med Kystverket, men tre familiar seier nei til kompensasjonen, ifølge NRK.

Ein av grunneigarane meiner Kystverket har vore arrogante og uryddige. Han fortel til NRK at Kystverket berre tilbaud ein fjerdedel av det dei var lova for å bygge nytt og tilsvarande, og antyda rettssak om dei ikkje tok tilbodet.

For ein annan familie handlar det om ei nausttomt, der familien i staden for kompensasjon ønskte ny tomt. Dei fekk nei med forklaringa at dei ikkje var ledige tomter, men familien meiner andre har fått slikt tilbod. Den tredje familien kan leve med at huset deira ligg 80 meter frå tunnelopninga, men Kystverket vil rive.

Prosjektleiar for skipstunnelen i Kystverket, Terje Skjeppestad, seier dei har ønskt å kome til einigheit med alle, men ikkje klart det. Han kjenner seg ikkje igjen i det som blir sagt.

– Det kan til tider vere tøffe forhandlingar, men vi har eit regelverk for grunnerverv å forhalde oss til, og vi prøver å behandle alle partar rettferdig, seier han til NRK.

Det er sett av fire dagar til hovudforhandlinga i rettssalen på Nordfjordeid.