Den siste tida har striden mellom Noreg og EU spissa seg kraftig til, særleg når det gjeld fordelinga av den stadig meir verdifulle makrellen. Også når det gjeld torsk er det stor usemje om kvotar.

Måndag samla EUs landbruks- og fiskeriministrar seg i Brüssel for mellom anna å finne ei felles haldning overfor Noreg når det gjeld fordeling av fiskekvotar.

– No skal vi ha ein innleiande diskusjon, seier Sveriges Peter Kullgren til NTB.

Start i oktober

Han påpeikar at det er EU-kommisjonen som held i forhandlingane med Noreg. Dei startar for fullt i oktober.

– Men eg håpar vi finn ei løysing mykje raskare enn det vi gjorde førre gong. Det ramma fiskarane i Europa hardt, ikkje minst svenske fiskarar som uforskyldt hamna i skotlinja på grunn av ei ganske rigid haldning frå den norske sida, seier han.

Fiskeriavtalen for 2023 vart først underteikna i mars i år etter seks månaders forhandlingar.

Som NTB omtalte førre veke, sende EUs miljø-, fiskeri- og havkommissær Virginijus Sinkevicius nyleg eit krasa brev til fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) der han mellom anna skuldar Noreg for overfiske av makrell.

– Rak dialog

Norske styresmakter ber på si side EU jekke seg ned fordi det sym meir makrell i norske farvatn no enn før. Det gir Noreg rett til å fiske meir, heiter det frå norsk side.

På spørsmål om kva Kullgren synest om den norske haldninga, svarer han på EU-diplomatars vis.

– Vi har ein veldig rak og tydeleg dialog med Noreg, seier han.

Omsett til klarspråk betyr det noko sånt som at Noreg oppfører seg temmeleg dumt.

(©NPK)