Vegmeldingssentralen meldte måndag morgon klokka 05.25 at det hadde gått eit steinras på fylkesveg 614 ved Norddaltunnelen.

– Det er ikkje meldt om at nokon er tekne av raset, opplyser politiet.

– Oppryddingsarbeidet kan ikkje starte før det lysnar. Dette for å vareta tryggleiken til mannskapet som skal arbeide, opplyser Vegtrafikksentralen.

Det blir tatt ei ny vurdering måndag morgon klokka 9.

Til NRK Vestland seier politibetjent William Steinseth at det var snakk om store steinar.

– Det var om lag 20–30 steinar, av ganske tydeleg storleik, som låg i vegen og blokkerte fullstendig for trafikken i begge retningar, seier han til NRK, og legg til:

– Heldigvis blei det ingen personskadar eller materielle skader i raset.

Etter vurderinga klokka 9, blei det bestemt at ein må ha geolog på plass for å undersøke staden først.

– Det blir ny vurdering klokka 12, opplyser Vegtrafikksentralen.

Vegen opna klokka 12 med manuell dirigering, og ein time etter det var det ope for fri ferdsel.