Det betyr at du kan vere heldig å få eit glimt at det spesielle lyset på himmelen.

Ved vårjamndøgn er dagen og natta like lange. Men sjansane for å sjå nordlys er visst også mykje større enn elles på denne spesielle dagen, skriv fagsjef for romforsking ved Norsk Romsenter, Pål Brekke, i ein e-post til nettstaden forskning.no.

– Det er i snitt meir nordlys rundt haustjamndøgn og vårjamndøgn. Jorda sine magnetiske polar står då i rett vinkel i forhold til straumen av solvinden, noko som gjer solvinden og solstormar meir effektive, seier han.

Jordkloda står i ein posisjon som gjer at partiklane frå sola på ein måte kjem meir direkte inn.

Brekke forklarer at grunnen til at vi har kunne sjå nordlys fleire gongar denne vinteren er fordi ein er nær solmaksimum.

Grønt og blafrande

Nordlyset kjem i mange former og kan også vere blafrande eller sjå ut som røyk. Som oftast er nordlyset grønt, men ein kan også sjå rosa og lilla innslag.

For å sjå nordlyset best mogleg er klar og skyfri himmel viktig. Så sjekk vêrmeldinga.

Det finst app-ar med nordlysvarsel og mange har favorittplassar i sine nærområde der dei liker å fange nordlyset på bilde.