Fjordenes Tidende sine webkamera på Kråkenes fyr og på Vestkapp vil gi spesielt gode vinklar for å følge med på måneformørkinga.

Her finn du alle Fjordenes Tidende sine åtte webkamera.

Delvis formørking

Det er snakk om ei delvis måneformørking, då ein liten del nedst på måneskiva vil liggje i skuggen frå jorda. Dette er den einaste måneformørkinga vi kan observere i Noreg i år.

– Formørkinga kan faktisk sjåast i heile Europa og Afrika, pluss store delar av Asia, og noko av Oseania. Det avgjerande blir vêret, seier astronom Jan-Erik Ovaldsen til NTB.

Ei delvis måneformørking vil vere synleg i heile landet laurdag kveld, om vêret tillèt det. Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK

Formørkinga vil starte klokka halv ti, og det er forventa at ho er størst klokka 22.14 laurdag kveld, skriv Himmelkalenderen.

Ei måneformørking oppstår når sola, jorda og månen er på linje i verdsrommet, og månen ligg heilt eller delvis i skuggen frå jorda.

– No på laurdag ligg ikkje dei tre himmellekamane heilt på linje, så månen «bommer» litt på jordskuggen. Sidan berre ein bit av månen kjem inn i skuggen, kallar vi det enkelt og greitt ei delvis måneformørking, seier Ovaldsen.

Neste gong ein kan observere ei formørking frå Noreg blir 8. april 2024. Då vil ei lita, delvis solformørking kunne observerast på Svalbard.