Kjell-Ragnar Berge si nye bok med tittelen Regiment 193 vert sleppt no den 9. april.

Berge er kjend som forfattar og medforfattar av lokal krigshistoriske litteratur.  Kysten er fronten og Krigsår er for eit standardverk å rekne om krigen i Sogn og Fjordane.

Denne gongen skriv Berge om eit tysk Wehrmacht-regimentet som hadde sin krigsinnsats i Norge.  Regiment 193 stod sentralt i okkupasjonen av Vestlandet i 1940. I ein risikofylt operasjon vart avdelinga luftboren til Sola i løpet av 9. og 10. april, men i august 1941 vart regimentet overført til Varangerhalvøya og fronten på Kola.  Mot slutten av krigen måtte avdelinga trekke seg tilbake for framrykkande sovjetstyrkar, og vart oppløyst i Nordland i mai 1945.

Éin bataljon frå IR 193 blei att på Vestlandet. Etter Måløyraidet vart styrken våren 1942 flytta nordover og ut mot kysten. Bataljonsstaben og to kompani hamna i Måløy. Erich Gutow, den gongen  løytnant og troppssjef og seinare Bundeswehr-offiser, merka seg  øydeleggingane etter raidet, og skriv at i «… Vågsøy var vakttenesta […] intensiv, og på vestsida av øya vart det sett fleire feltvakter. Vi var altså komne til eitt av dei livlegaste avsnitta på kysten».

Men krigen hadde harde krav, og allereie i desember 1942 vart bataljonen flytta til Voss for omskulering. Austfronten venta. Der kom soldatane inn i avdelingar som hadde store tap, og ved krigsslutt hamna mange av dei i amerikansk eller sovjetisk fangenskap.

Regiment 193  gir ei kronologisk framstilling av avdelinga si historie frå den vart oppsett til den vart oppløyst. I norsk krigshistorisk litteratur er det ikkje vanleg at tyske militæravdelingar vert tema for så inngåande omtale. Slik sett er verket historisk nybrotsarbeid  som har kosta fleire års innsats i form av arkiv- og litteraturstudiar.  Boka inneheld også rapportar og personlege nedteikningar frå soldatar, og i tillegg  inntrykk frå Berge sine reiser i Finnmark. Den er illustrert med foto, skisser og kart, har vorte ei solid og heilskapleg framstilling. Men ikkje minst, boka er òg eit bidrag til nordnorsk krigshistorie som ikkje alltid har fått den merksemd den fortener.