Kommunehuset i Selje var bygd i andre tider og etter andre krav til komfort og kvalitet enn dei som gjeld i dag.
Ein lekkasje på ein oljetank for eit par år tilbake har ført til både sjukmeldingar og kvalme tilsette på grunn at ein til tider uhaldbar oljestank.
Måndag behandla kommunestyret i Selje, i lukka møte, sak om å leige meir kontorlokale i den "gamle" skjortefabrikken på Nabben.
Eit bygg som frå før rommar Nav og lensmann i første etasje, kommunale helsekontor og kontor for kyrkjeleg tilsette i andre i tillegg til ein del private næringsdrivande spreidd rundt om i bygget.
No har kommunestyret i Selje vedteke å leige tredje etasje til dei som i dag har kontorplass i det gamle kommunehuset på andre sida av Seljevågen.
Heile saka stod på trykk i papirutgåva onsdag 23. juni.