Klokka 03.08 natt til søndag fekk politiet melding om at ein person hadde slått til ein som jobbar ved ein serveringsstad i Svelgen.
Saka blir følgd opp og meldt til politiet over helga.
Klokka 03.10 natt til søndag fekk politiet melding frå fleire naboar som klaga på bråk i eit hus i Måløy. Politiet fekk roa ned festen.
Politiet reagerte også natt til søndag mot ein person i Måløy for drikking på offentleg stad. Ein annan person vil få ein reaksjon for urinering på offentleg stad.