To timar over midnatt, natt til fredag, køyrde ein bil på ein hjort ved krysset på Hjelle i Eid.

Bilen fekk skadar. Det gjorde truleg hjorten også. Men han kom seg unna og stakk til skogs.

Viltnemnda vart kontakta og det vart organisert søk etter dyret.

Ingen personar vart skadde.