– Eg kjem frå ein familie med høg arbeidsmoral, og eg ønskte sjølv å kome meg ut i arbeid tidleg og ikkje sitte på skulebenken så lenge. Difor blei det eit yrkesfag og eg hamna til slutt på kokk, seier Lofnes.

Valet om å gå restaurant- og matfag grunngir han med dei mange moglegheitene det gir.

– Det er veldig allsidig. Du kan jobbe kor som helst i verda, og du kan jobbe med uendeleg mykje meir enn å «berre lage mat».

Fekk god rettleiing

Lofnes starta allereie som ungdomsskuleelev å arbeide på ulike kafear og kantiner i Måløy, og han fekk fort smaken på yrket.

– Då eg kom inn på kokkelinja møtte eg fantastiske lærarar som såg kvar elev, men også heile elevgruppa samla. Eg fekk god hjelp og rettleiing, noko som kanskje er spesielt viktig i vår bransje, sidan det handlar mykje om å vere rett person i rett team.

Han er tydleg på at tida på Måløy vidaregåande skule gav han eit godt grunnlag for det som kom seinare.

– Etter dette flytta eg til Bergen og hadde læretida mi på Hotel Neptun. Så fort eg fekk fagbrevet mitt flytta eg til Stockholm der eg var kokk på ei nysatsing på ein restaurant, fortel Lofnes.

Etter eitt år fekk han tilbod om å bli assisterande kjøkkensjef, før han og kjøkkensjefen starta ei event- og cateringbedrift saman. Etter fleire år med arbeid i Sverige flytta han tilbake til Norge, og i 2017 vart han medlem av det norske kokkelandslaget, der han framleis er medlem i dag.

Tok OL-gull med landslaget

– Eg har konkurrert i to VM og eitt OL. Det vart bronse i VM i 2018, gull i OL i 2020 og bronse i VM i 2022. Så det er jo ikkje så verst, smiler Lofnes.

I dag bur Lofnes i Oslo der han driv med konsulting og catering. Han er også matfagleg kreativ leiar på ein ny restaurant i Smestadkrysset.

– Det er utruleg mange moglegheiter innfor yrket vårt. Eg har drive med alt frå foto og matstyling, reklameinnspeling, oppskriftsskriving og det meste innan restaurantdrift, seier Lofnes, og held fram:

– Eg trivst best med variasjonen yrke gir. Ein kan ha mange ulike ting i lufta og jobbe med alt samtidig. Det er nok ikkje alle det passar for, men eg kosar meg veldig med det.

Rosar initiativ

Nyleg vart det kjent at Ervik Havfiske kastar seg inn i kampen for å bevare restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande skule. Gjennom eit nytt samarbeid med skulen ønsker dei å få opp engasjementet rundt eit fag som dei sjølve kjem til å få bruk for i åra som kjem.

Selskapet på Stadlandet tilbyr både lærlingplassar og fri tilgang på sjømat til opplæring. Eit initiativ som Lofnes rosar.

– Dette er veldig kult og betyr mykje, spesielt for dei som vil rette seg inn mot den delen av yrket. Men det er framleis viktig at dei som skal ut å ha læretida si beviser at dei kan bli lærlingar, seier Lofnes.

Når det kjem til at verksemda vil gje linja fri tilgang på sjømat til opplæring, gir Lofnes 100 poeng.

– Eg hugsar godt sjølv då eg var lærling. Det var ingen som forventa at eg skulle kunne filetere fisk. Men vi stod i fiskemottaket på skulen og fileterte 200 kilo laks opp til fleire gonger, så dette er ein kvalitet som elevane på Måløy vidaregåande skule vil nyte godt av, seier Lofnes.