Det var igjen tekniske problem som stoppa ferja. Men 21.06 melde Fjord 1 at det vart normal drift i sambandet frå Måløy klokka 21:45. Dei opplyser også at det er reservefartøyet Sognefjord som vil trafikkere sambandet.

– Fv. 616 Ferjesambandet Oldeide – Måløy er mellombels innstilt grunna tekniske problem, melde Vegtrafikksentralen Vest fredag kveld klokka 19.21.

Torsdag førre veke låg ferja til kai i over åtte timar etter at ein trailer køyrde seg fast på dekk og gav ferja slagside ved kai på Oldeide.

Laurdagen var så ferja innstilt i rundt 1,5 time grunna tekniske problem.