Det interkommunale avfallsselskapet tente gode pengar, men gebyra aukar
Det interkommunale avfallshandteringsselskapet Nomil fekk eit overskot på nesten 5 millionar kroner i 2021. Trass i dette aukar gebyra som kundane må betale for å bli kvitt avfallet sitt.
Espen Sortevik er styremedlem i Nomil. Torsdag forklarte han sine kollegaer i Bremanger kommunestyre om årsaka til dei gode tala det interkommunale selskapet leverer, og kva dei har tenkt å gjere med pengane.
Foto: Gjert Myrestrand