Her skurrar nemleg det faglege også for ein yrkesutøver som lever av at kundane set pris på at ho klipper dei rett og beint, og passar på at ein går ut av salongen hennar med estetisk symmetri intakt.
Og det har frisøren spøkefullt, men med ein god porsjon alvor også, kommentert på eiga Facebook-side etter at ho oppdaga hærverket som hadde skjedd natt til torsdag.
– Som frisør er eg kanskje i overkant opptatt av estetikk og symmetri. Så til deg som fann det for godt å forsyne deg av uteblomstane vi hadde pynta med, kan du fjerne den andre òg? Som sagt, opptatt av symmetri ... skriv Degnepoll torsdag.
Tiltalte meiner det var gatekunst – politiet ser det som ei ordensforstyrring
Leita etter blomstrane rundt omkring
Huseigar i området, Frode Kupen, har også sett seg lei på på at dette skjer igjen og igjen.
– Vi har hatt dette problemet lenge, og det er frykteleg irriterande, seier han.
På nattestid har blomster blitt røska opp, fjerna heilt og krukker knust. Huseigarar, og dei som driv handel eller service, må erstatte det som blir øydelagt og forsvinn, og etter kvart blir det ein stor utgiftspost.
– Vi bruker tusenvis av kroner kvar sommar på nye blomstrar etter at nokon har funne ut at dei skal øydelegge. Vanlegvis pleier eg å leite etter dei, og eg finn dei av og til på andre stadar. Men det kostar både tid og pengar, og er frykteleg irriterande, seier Kupen.
Blomstane som blei tatt natt til torsdag, leita han ei god stund etter, men dei var sporlaust vekke. Så dei må erstattast.
– Vi planta dei faktisk på onsdag, så dei stakkarane overlevde ikkje éi natt eingong, seier han.
Slik så hovedgata i Måløy ut i natt – skrot lå strødd over et stort område
Ventar lengst mogleg med å sette ut ting
Natt til torsdag blei det også røska opp plantar mellom Frisøren og nabobygget Havna vertshus, og mellom anna ved klesbutikken Lefdal.
– Desse har dei berre slengt frå seg på fortauet, seier Kupen.
I området har dei no kjøpt inn støypejernkrukker og betongkrukker som er vanskelegare å øydelegge.
Politiet har funne dei skuldige bak fleire av hærverka
Og hærverket har ført til at nokre har latt vere å sette ut blomster og pynte.
– Vi har faktisk i år halde litt igjen med å sette ut blomster i håp om at når vi først gjorde det så ville det halde eit par månadar. Men vi skulle gjerne ha pynta, på fine dagar og cruisedagar .
Kupen håper situasjonen vil betre seg, og at dei som gjer dette sluttar med det.
– Det øydelegg både for innbyggarar og alle som jobbar med å gjere sentrum fint for alle. Vi skal sjølvsagt sette ut blomster igjen og gjere det så fint vi kan, men eg håper dette tar slutt.