Å vere nyskapande er òg ein kjerneverdi i Fjordenes Tidende. Det betyr at vi skal vere nysgjerrige på, og eksperimentere med bruk av ny teknologi. Målet er å auke kvaliteten på journalistikken, samt utvikle nye metodar og tenester til beste for våre lesarar, lyttarar og sjåarar.

Kontroll og ansvar:

Den ansvarlege redaktøren for Fjordenes Tidende har fullt personleg, juridisk og etisk ansvar for alt som blir publisert av Fjordenes Tidende. Dette gjeld òg innhald skapt av eller med hjelp av kunstig intelligens.

Ver varsam-plakaten (VVP) og Fjordenes Tidendes etiske retningslinjer gjeld òg for innhald generert av kunstig intelligens. Ein redaksjonell medarbeidar skal derfor alltid gjennomgå og kvalitetssikre innhald skapt av eller med assistanse av generative KI-modellar.

Merking:

  • Når kunstig intelligens blir nytta til å generere innhald, skal dette merkast tydeleg.

  • Fjordenes Tidende skal generelt vere open mot publikum om eventuell bruk av KI i arbeidsprosessen, og overfor kjelder, der det er relevant.

  • Dersom KI berre blir brukt som eit hjelpemiddel for å hente inn informasjon, eller omsette språk, er det ikkje naudsynt å opplyse om det.

Foto:

  • Fjordenes Tidende skal verne om truverdet til det journalistiske fotografiet, jf. VVP 4.11. Derfor er det ikkje tillate med fotorealistiske bilete. (Unntaket er dersom eit slikt bilete er ein nyheit i seg sjølv.)

  • Lesarane skal aldri vere i tvil om kva som er ekte og kva som er generert.

  • KI skal ikkje nyttast til å redigere, forbetre eller endre bilete på ein måte som skil seg frå ordinær bildebehandling.

  • Den stadig aukande mengda fotorealistisk KI-generert innhald stiller ekstra høge krav til å kontrollere og verifisere bilete som kjem inn til redaksjonen.

Illustrasjonar:

  • Illustrasjonar, grafikk og modellar laga av KI skal godkjennast av redaktøren før publisering.

  • Slik bruk skal merkast tydeleg.

  • Fjordenes Tidende skal berre publisere KI-genererte illustrasjonar frå modellar som er trente på lisensiert innhald, materiale utan opphavsrett og/eller som elles kan nyttast fritt.

Sensitiv informasjon og upublisert materiale

  • Kjeldevernet er eit grunnleggjande prinsipp og ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle si samfunnsoppgåve. Derfor blir det stilte strenge krav til deling av informasjon med KI-modellar. KI skal ikkje nyttast på nokon måte som kan kome i konflikt med kjeldevernet.

  • Når vi matar informasjon inn i store KI-modellar, har vi ikkje lenger kontroll over informasjonen. Derfor skal som hovudregel berre publisert og/eller offentleg tilgjengeleg materiale matast inn i slike modellar. Eventuelle unntak skal avklarast med redaktøren.

  • Opptak av intervju kan transkriberast ved hjelp av KI-modellar, men eventuell bruk av KI-transkribering ved intervju av sensitiv karakter skal berre utførast i sikra lagringsmiljø, til dømes lokalt på eigen maskin.

  • KI kan nyttast til å generere kode, men same krav til sensitivt og upublisert materiale gjeld òg her. Plugins eller andre KI-løysingar som koplar seg opp mot informasjonsmiljø skal ikkje nyttast utan at leverandøren er sikkerheitsklarert, og ein har ein direkte avtale på plass.

Teknologien er i rask endring, og våre retningslinjer vil derfor bli vurderte og oppdaterte kontinuerleg.