Han er ein av gründerane og dagleg leiar i det landbaserte anlegget Bulandet Miljøfisk, som leverte si første gruppe med postsmolt frå pilotanlegget i sommar. Heilt knirkefritt har det ikkje gått, sidan dei fekk problem med ei rist i sjøvatninntaket. Konsekvensen vart at dei fekk ein del tang og tare i inntaket.

Den første leveransen på noko over 300.000 postsmolt på storleik 450 gram vart effektuert ein månad før planen, fordi ein prioriterte å tømme anlegget for å utbetre systemet. Kundar og samarbeidspartnerar er Landøy Fiskeoppdrett og Mowi i Dalsfjorden.

– At både små familieeigde selskap som Landøy, men også verdas største opprettar Mowi bidrar gjennom samarbeid med oss, er veldig viktig for oss. Dei har vist oss stor tillit så langt i utviklinga av Bulandet Miljøfisk, understrekar arbeidande styreleiar Knut Eikeland.

Venta overraskingar

Hans Haddal meiner startvanskane er udramatiske:

– Eg ser på det som skjedde som noko pårekneleg i ein innovasjonsprosess. Det viktige er å drive på ein måte som gjer at vi tar godt vare på fisken. Vi er no i gang igjen med andre innsett. Vi har så langt sett inn 200.000 smolt, og i neste veke set vi ut 400.000 til. Planen er å ta desse opp mot ein kilo levering i mars neste år. I Bulandet har vi eit veldig flott driftsteam som vert leia av Øyvind Høie, som har lang fartstid som oppdrettar i ytre Sogn. I Florø har vi også sikra oss Steinar Midtbø som produksjonssjef for å utvikle drifta vidare, fortel Haddal.

Dagleg leiar Hans Haddal, driftsleiar Øivind Høie og veteran og gründer Ola Sveen er i gang med andre runde produksjon i anlegget i Bulandet Miljøfisk. Foto: Bulandet MIljøfisk

Midtbø har tidlegare jobba som produksjonsleiar for matfisk i ulike selskap fram til 2003 då han slutta i Panfish og tok til i det lokale IT-selskapet Mercatus i Florø. Dei siste par åra har han vore produksjonssjef i Nordfjord Laks i Gloppen.

Florø-arm

Midtbø og arbeidande styreleiar Knut Eikeland skal no ha arbeidsplass i Bulandet Miljøfisk sitt Florø-kontor, som etter kvart vil vere å finne på Kolkaia i Florø.

– Sjølv vil eg vel halde fram livsstilen som vestlandsnomade. Eg er ein sunnmøring som bur i Bergen, men som trivst best i Sunnfjord, sier Haddal.

– Det er i Bulandet vi har hovudaktiviteten og forretningsadressa vår, understrekar han.

– Det er her vi har identiteten vår og i løpet av kort tid vil dette bli tydeleggjort både gjennom nytt namn og profil. I Florø kjem vi til å ha ein del utoverretta funksjonar, sidan byen ligg nær flyplass, hamn og andre viktige funksjonar. Vi ser også at det er mykje lettare å rekruttere enkelte fagpersonar i Florø enn i Bulandet, fortel Haddal.

Akvahub

Fagmiljøet i Akvahub i Leirvik i Sogn har også vore sentralt i utviklinga av Bulandet Miljøfisk. Haddal tok i si tid initiativet til dette selskapet for å skape ei felles FoU-avdeling for Bulandet Miljøfisk og andre mindre selskap med liknande behov. Asbjørn Dyrkorn Løland som tidlegare var leiar i Akvahub har no gått over i full stilling som FOU-leiar i Bulandet Miljøfisk, medan Trygve Hallberg har tatt over som dagleg leiar i Akvahub.

Bulandet Miljøfisk si utviklingsavdeling vil bli styrt frå Leirvik i Sogn. Her sit til dagleg teknisk sjef Christian Hatlem Skår og FoU-leiar Asbjørn Dyrkorn Løland. På utviklingssida har dei sterke band mot viktige fagmiljø i Bergen både når det gjeld biologi, fiskehelse og teknologi.

Søker på Lutelandet

– Vi jobbar på jamt og trutt og håpar at pilotdrifta vil gje oss gode svar på korleis vi kan drive optimalt og kunne oppskalere opp både i volum og frå postsmolt til produksjon av matfisk av laks på land. I piloten er planen å produsere inntil 1200 tonn per år.

Bulandet Miljøfisk har ein konsesjon på 5500 tonn i Bulandet. Sjølv om det er usikkert kor tid ein kan greie å realisere ein slik produksjon, har selskapsleiinga sett inn i den berømte glaskula mot framtida og neste utviklingssteg. Dei har no inne ein søknad hos fylkeskommunen om konsesjon for eit anlegg på Lutelandet i Fjaler med kapasitet på 50.000 tonn.

– Eg håpar alle som synest dette verkar spennande tar kontakt for ein uformell prat. Dersom det vi driv med har framtida føre seg, bør det ikkje vere areal som hindrar utviklinga i selskapet, avsluttar Haddal.

Dagleg leiar Hans Haddal, driftsleiar Øivind Høie og veteran og gründer Ola Sveen er i gang med andre runde produksjon i anlegget i Bulandet Miljøfisk Foto: Bulandet MIljøfisk