Det var etter at forholdet mellom dei to sambuarane vart brote, at mannen vart ilagt besøks- og kontaktforbod av politiet.

Dei to hadde levd saman i eit turbulent forhold. Likevel så trossa mannen dette forbodet, og sende fleire tekstmeldingar via mobiltelefonen til henne, noko han ikkje hadde lov til.

Fleire gonger hadde han vore inne i kjellaren i huset der sambuaren budde, trass i at han ikkje hadde lov til dette.

Han skal også ved eit tilfelle ha slått til bilen som sambuaren hadde fått med han tidlegare, slik at det vart fleire bulkar i panseret og to dører, pluss at tankloket vart øydelagt.

Mannen hevda at det var han som hadde kjøpt bilen, og trass i at ho hadde fått den, så nekta han straffeskuld for dette forholdet.

Nordfjordingen er i Nordfjord Tingrett dømd til fengsel på vilkår i 18 dagar, med ei prøvetid på to år. Han må vidare betale ei bot på 4.000 kroner. Retten forbyr også mannen å oppsøkje, forfølgje eller på noko vis ta kontakt med den tidlegare sambuaren sin. Det gjeld både direkte og via tekstmelding og elektroniske kanalar fram til desember 2010.

Mannen var også tiltalt for å ha slått av sikringar, kopla ut varmepumpe, hustelefon og ADSL-linja. Men retten fann ikkje at det var ført bevis for dette, og han vart frifunnen på dette punkt.