Kommunestyret i Eid har vedteke at det nye friluftsområdet på Nordøyrane, med park og badestrand, skal heite Sagaparken.

Vedtaket vart gjort med 27 mot to stemmer i kommunestyreti Eid førre torsdag. KrF og SV ville at området skulle heite Fargarparken, etter elva som renn ut i fjorden ved friområdet.

Sagaparken blir næraste nabo til det planlagde vitensenteret Sagastad, som etter planen skal opne dørene våren 2019.