Fylkesmannen har med heimel i kapittel 22 i ”forskrift om begrensning av forurensning” gitt Kystverket Vest løyve til å dumpe inntil 76 000 m³ steinmassar frå utdjuping av leia i Måløysundet og frå sprenging av Trollebøflua.

Det opplyser senioringeniør ved Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Steinmassane skal om mogeleg nyttast til utfylling i Måløy sentrum i samsvar med kommunale planar, og den aktuelle dumpestaden vest for Trollebøflua er ein reservelokalitet som kan nyttast dersom aktuelle utfyllingsområde ikkje kan takast i bruk tids nok.

- Vedtaket om dumping kan påklagast til Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif). Ein ev. klage skal sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, opplyser Nes.