Rundt klokka 16.00 laurdag kveld fekk politiet melding om at tre ungdommar hadde høyrt rop om hjelp aust for skitrekket på Harpefossen Skisenter i Eid.
Ungdommane melde ifrå om dette, og politiet sette i gong ein større leiteaksjon.
I leiteaksjonen vart det nytta 10 personar frå Eid Røde kors, 3 hundeekvipasjar frå Norske Redningshundar, 4 personar frå Sivilforsvaret og 2 personar frå Harpefossen skianlegg.
Eit Sea King-helikopter var også på veg, men måtte snu på grunn av vêrforholda.
Sogn og Fjordane Politikammer opplyser at fordi det ikkje var meldt om sakna personar og fordi det ikkje var gjort noko funn, så vart leiteaksjonen avslutta klokka 22.30 laurdag kveld.