Det er klart for ferjeavgangar kvart 20 minutt i sambandet Anda-Lote, seinast frå starten av 2017. Det betyr hyppigare avgangar og mindre ventetid.

Det kjem fram i ein felles fleirtalsmerknad i Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2015.

– Dette er eit stort steg framover for utvikling av Nordfjord som felles bu- og arbeidsmarknadsregion og bør feirast som ein felles siger for heile fylket, seier Venstre-ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, i ei pressemelding.

Dagens ferjekontrakt med avgangar kvar halve time gjeld fram til årsskiftet 2016/2017, men 20-minuttersavgangar skal innførast så snart som muleg, ifølgje regjeringa og støttepartia.