Namn: Helge Robert MidtbøAlder: over 50Sivilstand: giftYrke: klinikkdirektør ved Helse FørdeBustad: kjem frå Svelgen, men er no busett i Førde

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er oppteken av mykje. Familie, jobb, politikk, frivillig arbeid og om tida strekk til litt trening, i den rekkjefølgja. Eg likar å engasjere meg og bidra der eg kan.

– Kva gjer du på fritida?– Mykje av mi tid går med til jobb og politikk, så eg har lite tid til andre ting. Når eg har eit vindu reiser eg meir enn gjerne til Bremanger på hytta. Der går vi turar, fiskar, syklar og lagar oss god mat med råvarer frå havet. Volleyballkampar i Førdehuset vert også prioritert.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar kona og familien min. Utruleg og ei lukke at dei har halde ut med meg i så mange år. Eg har i heile mitt vaksne liv vore mykje på reise, mykje på jobb og brukt mange timar med frivillig arbeid.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Framleis er heimstaden min Svelgen sjølv om eg bur i Førde. Så her må eg gje to svar. I Svelgen har ein fantastiske turområde med utallege gode fiskevatn i tillegg til lett tilgang til sjø og hav, ein flott plass å vekse opp. Og så er jo svelgarane flotte folk! Førde er ein småby som har det meste. Gode skular, mange aktivitetar for unge og eldre, butikkar og kafèar som dekkjer mitt behov. Og så er vi tett på flotte naturområde som kan nyttast både sommar og vinter.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Kystvegen mellom Florø (Grov?) og Måløy er vedtatt og fullfinansiert! Kristin, Ola og Audun-Åge inviterer alle innbyggjarane i dei tre kommunane til fest i Svelgen.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Då ville eg ha flytta kontoret ut på gata og høyrt kva folk er opptekne av.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?– Var på konsert med Kaizers Orchestra i Oslo Spektrum saman med mine to eldste barn, det var minneverdig! Har òg mange gode minne frå mi tid som aktiv idrettsutøvar.

– Kva har du på nattbordet?– Lesebriller, bøker, aviser og mobilen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– Eg er innom alle lokalavisene samt VG, Dagbladet, BT og Aftenposten.

– Kva er meininga med livet?– Å gjere noko meiningsfylt for samfunnet og dei du har rundt deg. Ditt bidrag betyr ein liten forskjell.