– Eg har nyleg hatt eit tilsyn frå Vågsøy brannvesen. Feiaren som var her kunne då fortelje at slik pipa var så måtte det settast ned eit keramisk røyr eller eit stålrøyr. Då fekk eg bakoversveis, fortel Oppedal.

Sjekka pipa

Grunnen til at huseigaren vart så overraska var at då han vurderte å kjøpe huset i Gate 2 i Måløy for eit og eit halvt år sidan hadde han hatt besøk av både same feiar og brannsjef, som hadde undersøkt pipa.

– Då vi skulle kjøpe hus, var det nokre kriterium som måtte vere på plass. Taket skulle vere i orden, i likskap med sikringsskap, eldstad og pipe. Difor fekk eg brannsjefen og feiaren til å kome på ein inspeksjon, forklarar Oppedal, og fortset:

– Dei kunne fortelje at alt var i den skjønnaste orden med både pipe og eldstad. Grunnen til at eg gjorde dette var for å sleppe og få nokre uventa utgifter med huset. Men det er det eg no har enda opp med å få likevel.

Oppedal har forhøyrt seg med andre i same situasjon, og tilbakemeldingane er at kostnaden for ei slik utbetring ligg mellom 70.000 og 100.000 kroner.

– Vi sjekka jo dette før vi kjøpte, og eg kjenner at eg blir skikkeleg frustrert, seier han.

Håpar på gehør

Huseigaren var til stades då feiaren var på tilsyn i januar, og spurte kvifor dette kom opp som eit tema no, når pipa tidlegare var godkjent, og omnen om lag ikkje har vore brukt sidan.

– Feiaren kunne då fortelje at han på tidspunktet for den første inspeksjonen ikkje hadde gått på skule, og at han berre kunne beklage, fortel Oppedal, som oppfatta det første besøket som eit tilsyn.

– Det faktum at han ikkje har gått på skule kan ikkje eg lastast for. Skal det ordnast noko her så må kommunen ta det. At dei ikkje sender folk på opplæring, og at dei ikkje har kyndige nok folk til å stå for det dei seier, er ikkje mitt problem, understrekar han.

Oppedal håpar no at han skal få gehør for situasjonen.

– Viss eg ikkje hadde hatt brannsjefen og feiaren på besøk då eg vurderte å kjøpe huset, så hadde eg sjølvsagt godteke dette. Eg er ikkje mot at det skal vere trygt og sikkert, for vi skal ikkje lage det slik at det er farefullt, men det var jo nettopp difor eg sjekka dette før eg kjøpte huset, slår han fast.

– Ikkje ein teknisk kontroll

Brannsjef i Vågsøy Brannvesen Kim Hjelle var sjølv med og såg på fyringsanlegget då Oppedal vurderte å kjøpe huset i Måløy for eit og eit halvt år sidan. Hjelle fortel at dei dåikkje gjennomførte eit fullverdig tilsyn.

– Vi såg på i kva tilstand pipa var i med tanke på sot og bek. Etter dette var feiaren og freste pipa i huset. Under dette besøket hadde vi ikkje ein teknisk kontroll på fyringsanlegget, forklarar Hjelle, som legg til at dei ikkje kunne gi eit tilsyn når dei ikkje hadde den rette kompetansen på plass.

– Kvifor hadde ein ikkje ein feiar med kompetanse?

– Feiaren må ha brannskule, og der er det ikkje lett å kome inn. Ein må stå i kø, og i tillegg må feiaren ha fem års erfaring før ein kjem inn. Ein får ikkje ein utdanna feiar til å flytte til Måløy. Først må ein tilsette ein feiar og så få sendt han på brannskule, fortel Hjelle.

No er kompetansen på plass, og feiaren i Vågsøy skal inn til praktisk prøve, som er det siste steget i utdanningsløpet.

– Det er ikkje slik at vi ønskjer å lage bråk. Vi ønskjer å sette tryggleiken først. Vi gjer dette for innbyggjarane sitt beste fordi vi ønskjer å hindre husbrannar. Vi har ikkje hatt ein einaste pipebrann sidan feiaren vart tilsett, seier Hjelle.