Der dukka det opp ein lysande forretningsidé for 26 år gamle Martin Fossedal frå Nordfjordeid.

– Eg blir 20 minutt forseinka, for eg er ute hjå ein kunde, seier Fossedal heseblesande i telefonen når Fjordenes Tidende står klare utanfor Eplehjelp-kontoret i Oslo sentrum. Det unge firmaet opplever stor pågang, og heimebesøk står på planen både dag og kveld, kvardag og helg.

GODE TAL: Fossedal jublar over gode tal for andre kvartal 2017. Med support og kundehjelp heile dagen, blir slike rapportar til på nattetid av og til.

Ein har iPhone, iMac, MacBook og Apple-TV i mange norske heimar. Og etter at Eplehjelp blei etablert i 2014, har selskapet hatt stor vekst. Frå å vere tre studiekameratar som dreiv med nettkurs og e-plattformer under studietida, har Eplehjelp som blei starta opp av Fossedal og studiekameratane Henrik Ruud og Magnus Mysen Holm no tilsett kollega nummer 13.

– Det er ein hissig vekst. Men veksten kjem etter behovet vi har. Vi har tilsett folk for å hjelpe alle kundane som kontaktar oss, seier han. Fossedal er ikkje overraska.

– Då vi starta, var det ingen som dreiv med dette. Ein har dei store aktørane som sel produkta, men ingen fortel deg korleis du skal bruke det optimalt, fortel Martin.

Ingen nerd

Martin Fossedal er slettes ikkje ein gamal datanerd, eller langvarig Mac-entusiast.

– På ingen måte. Og det er det som er litt morosamt med det heile. Eg fekk mitt fyrste Apple-produkt så seint som i 2012 og visste ingenting om sånt. Det eg har drive mest med i innleiinga er nyheitsbrev, sal og marknadsføring.

I forhold til Apple-produkta har han plukka opp kunnskap langs med, og driv no support sjølv, i tillegg til dag-til-dag ansvar på kontoret. Men planen var litt annleis.

OPPLÆRING: Fossedal og resten av teamet driv mykje med éin-til-éin hjelp for å få folk til å forstå og å utnytte Apple-parken.

– Planen var å gå fem år på BI, og så starte i eit av dei store konsulentselskapa, som McKinsey & Company, Boston Consulting Group eller Geelmuyden Kiese. Etter tre år tenkte vi på om vi skulle ta master, eller om vi skulle satse på dette her. Og så var jo dette så «jækla» kjekt, fortel 26-åringen.

Det er servicefølelsen, og eigenskapen å kunne hjelpe som er drivkrafta for det unge firmaet, som har tilsette mellom 19 og 31 år.

– Det å kunne rettleie folk, og vere problemløysar er veldig gjevande. Det kjem fyrst uansett. Teknologi blir eit større og større samfunnsproblem. Den kjem uansett, om det er Apple, Tesla eller alle slags applikasjonar på telefonen. Det blir eit klasseskilje der generasjonane over oss blir hekta av. Det er ingenting som er betre enn når vi får høyre kor god hjelp vi har vore for dei, enten dei skal Facetime med barnebarnet sitt, logge seg inn i nettbanken sin eller sette opp ei e-postløysing, fortel Fossedal.

Omsetningsauke

Den nærmast eksplosive veksten viser godt igjen i bøkene. Med det kan dei også sjå framover med eit ambisiøst blikk.

– Vi starta med ei omsetning på 1,8 millionar kroner etter vårt fyrste heile driftsår i 2015, til 6,5 millionar kroner i 2016. I år har vi budsjettert med mellom 15–20 millionar i omsetning. Vi skal nå 100 millionar i omsetning innan 2020, og med det vere størst i Norden, seier Fossedal.

I løpet av 2017 skal fleire kontor opnast i dei største byane i Norge. For hans eigen del jobbar han i snitt mellom 12–13 timar kvar dag. Nokre netter går også med.

– Eg skal levere kvartalsrapport til styret i morgon tidleg klokka 08.00. Så i natt må eg nok «døgne» seier han, framleis frisk i blikket.

Men han veit at han ikkje kan halde på slik for alltid.

– Vi får tru at når vi er 30, og har bygd opp alt dette, så kan vi gå inn i meir 08.00-16.00-rammer, smiler gründeren frå Nordfjordeid.