Det er det kraftigaste jordskjelvet på over 100 år.

– Sjølv er Fosse i god behald, men fortel at det er store øydeleggingar i Marrakech, der han held til. Særleg gamlebyen er prega, skriv NRK Vestland.

Fosse seier det er kaos, og ambulansar og sirener i eitt sett og at det er store tragediar.

– Eg tenker på alle som er ramma, seier Fosse, som er i Marokko for å delta på reiselivsmessa Pure til NRK Vestland.

Han låg og sov då jordskjelvet råka og blei evakuert saman med resten av hotellgjestane:

– Eg vakna av ei vanvitig risting i senga og såg at tv-en og lampeskjermar stod på skakke, seier han.