Ulykka skjedde i Magnhildskarvegen, og det var ein bil involvert.

– Airbags blei utløyst, og bilen fekk skadar i fronten, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Førar var åleine i bilen då det skjedde.

– Han er vaken og bevisst, fortel operasjonsleiar.

Politiet fekk melding om hendinga søndag kl. 23.58 og både brann og politi rykte ut i første omgang.

Ifølge 110 Vest skjedde ulykka ved Haukåtunnelen.