I over to år har denne ringen lege på rådhuset og trass leiting har ingen funne eigaren. Kven er Karl?
Ein giftering eller forlovingsring med inngraveringa «Din Karl 24.08.44» blei funnen og levert inn på servicetorget på rådhuset i Måløy for litt over to år sidan. Vi håpar på lesarane si hjelp til å finne eigaren.