Alarmsentralen 110 Vest melde klokka 21.58 at Kinn brann og redning rykte ut til brannen i Skipardalen i Florø.

– Ingen personar er sakna og ingen er meldt skadde, opplyser Vest politidistrikt.

I følge Vest politidistrikt var det opne flammar frå bygningen.

Etter kvart fekk ein beskjed frå brannmannskapa at dei hadde kontroll på første etasje, og begynte arbeidet med å få overtaket på flammane i andre etasje.

Klokka 22.28 melde Alarmsentralen at brannen var sløkt.