Denne kaka tar litt tid å lage, men den blir kjempegod og egnar seg godt til å ha i frysaren. Serverast med vaniljesaus eller bærcoulie.

Nøttebotn:

60 g mandlar

2 ss kveitemjøl

3 eggekvite

90 g sukker

Hakk mandlar og bland inn mjøl i ein matprosessor. Pisk eggekvite og halve sukkeret til stiv marengs. Tilsett res-ten av sukkeret og pisk inn. Vend mandelblandinga inn i marengsen med ein slikkepott. Fyll i smurt form, ca. 27 cm. Steik botnen på 180 grader i 20–30 min. til den er gyllen. Avkjøl på rist.

Sjokoladekrem:

4 eggeplommer

80 g sukker

0,8 dl fløyte + 4dl fløyte

270 g mørk sjokolade (60 prosent kakao)

3 plater gelatin

Smelt sjokoladen i vassbad. Pisk eggeplommene og sukkeret lett saman. Kok opp 0,8 dl fløyte, og tøm over eggeplommene medan ein piskar lett. Tilset den smelta sjokoladen medan du rører.

Pisk 4 dl fløyte til lett krem, og tilset forsiktig i sjokoladeblandinga når den har avkjølt seg litt. Ha i gelatinplatene som er varma opp med 2 ss vann. Smør kremen over nøttebotnen. Set kaldt.

Bringebærmousse:

6 plater gelatin

350 g bringebær (smak til med sukker)

4 eggekviter

120 g sukker

2,5 dl fløyte

Blautlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 5 min. Ha bæra i ein matprosessor og lag puré av dei. Sil pureen.

Varm opp halvparten i ein kjele, smak til med sukker, ta av varmen når den når kokepunktet. Rist vatnet av gelatinplatene og smelt dei inn i den varme pureen. Bland godt. Resten av bærpureen blandast inn i den varme pureen.

La den avkjøle seg i romtemperatur. Pisk sukker og eggekvite til marengs. Pisk inn den romtempererte pureen i marengsen med ein stålvisp.

Pisk fløyta til krem og vend den inn i bringebærmarengsen. Fyll bringebærmoussen over sjokoladekremen og set kaldt til servering.