A-ha er det einaste norske bandet som har funkla som ei stor lysande stjerne på den internasjonale pophimmelen i tiår etter tiår.

Gruppa, som består av Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy, har både på popvideo- og musikkfronten sett spor etter seg som ikkje vil bli vaska vekk på mange generasjonar.

No er a-ha snart historie. I 2010 held dei avskilskonsertar i mange land og på mange kontinent.

A-ha er eit band som ikkje berre er opptekne av seg sjølv. Dei er opptekne av musikalsk ettervekst. Derfor har dei sett av fire millionar kroner til fire nye norske artistar som ei økonomisk hjelp og eit stort PR-handslag på vegen fram til ei eventuell internasjonal karriere.

- Det er stort. Det at seks av tungvektarane innan norsk musikk og medlemmene i a-ha har plukka oss ut som ein av åtte finalistar er noko som gjer oss både stolt og kry, fortel vokalist Hans Christian Helgesen.