Klokka 05.08 natt til torsdag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrd utfor vegen på Nødset i Bremanger.

Personbilen hadde køyrd av vegen, den hadde rulla rundt og låg på taket.

Det var ein mann i 20 åra i bilen og han var skadd, opplyser Sogn og Fjordane Politikammer. Det var ikkje andre køyrety involverte i hendinga.

Ambulanse, Sea King, brannvesen og politi rykte ut til staden.

Den skadde føraren vart sendt til Haukeland sjukehus med Sea King-helikopter. I morgontimane torsdag kunne ikkje politiet seie kor hardt mannen var skadd.

Årsak til hendinga er ikkje kjent, opplyser politiet.

Det vil bli teke blodprøve av føraren, og saka vert vidare etterforska av Flora politistasjon.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende