Det var ei klar stemning for Nordfjord Vekst AS på orienteringsmøtet for næringsliv og politikarar på Nordfjordeid onsdag.

Stein Bjørhovde, som informerte om den nye forretningsplanen, og som er leiar i Eid Utviklingsfellesskap (EUF), er klar for å gå ut til næringslivet og be om deira synspunkt. Kommunen vil ta stilling til saka den 23. juni.

Så langt er responsen i Eid at ein meiner at ansvarsområdet som handlar om rammevilkåra for næringslivet er viktig.

Dette er arbeid innanfor offentlege kompetansemiljø, teknologisk infrastruktur, utdanning og samferdsle.

– Tilbakemeldingane i Eid er at dette er det viktigaste for eit regionalt utviklingsselskap å jobbe med, sa Stein Bjørhovde.

Les heile saka i papirutgåva fredag 3. juni.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende