– Det er eit fantastisk turmål i seg sjølv, seier Jannike Brenden Frøyen i Idrettslaget Frøy, som jobbar med å realisere ei dagsturhytte på Muledosa.
Muledosa: Ei enkel hytte sett opp med minimale inngrep i naturen skal få endå fleire til å nytte fjellet som rekreasjonsområde. Idrettslaget ser ein auke i tal på folk som nyttar trimpostane i fjellet, og ein vil no få ein ekstra grunn til å ta turen. Hytta blir ståande på ein knaus mellom Dosa og Mulehovden, vest på Frøya. Illustrasjon: Privat