– Vi vil ut og treffe lesarane våre og forhåpentlegvis nye lesarar, smiler dagleg leiar og redaktør Håvar Fagerli i Fjordenes Tidende.

Lokalavisa skal ha stand i Gate 1, og Fagerli og Gangeskar håpar mange vil stoppe for ein prat i det fine vêret.

– Har du problem med innlogging eller ønsker å bli abonnent? Eller har du spørsmål, tips eller kommentarar er de velkome innom. Vi tar imot både ris og ros, seier Fagerli, som har eit ønske om å vere meir ute i dekningsområdet til Fjordenes Tidende.

– Lokalavisa held til i Måløy, og vi vil gjerne vere ein synleg del av heile dekningsområdet vårt, og i dag er vi i Måløy.