Førde understreka at ungdommane i ungdomsråda er valde til å ha ei stemme inn i dette arbeidet.

– Eg utfordrar dykk til å bruke den moglegheita de har til å vere med å sette farge på den politikken vi skal drive. De er politikarar. De er valde av kommunestyra til å vere ungdommane sine representantar. Så de har fått eit kjempeviktig oppdrag som eg håper de tar fullt ut, sa ho.

– Å drive med politikk er kjempekjekt og ufatteleg viktig, sa leiaren i Nordfjordrådet og ordførar i Stryn, Per Kjøllesdal. Foto: Kjellrun Åsebø

– Politikk er ufatteleg viktig

Førde er nestleiar i Nordfjordrådet medan ordførar i Stryn, Per Kjøllesdal, er leiar. Han oppfordra ungdommen til å fortsette å vere politisk engasjerte.

– Det er veldig kjekt å sjå dykk. Å drive med politikk er kjempekjekt og ufatteleg viktig. Eg veit at det er rikeleg med ting å drive med i dykkar alder, og derfor er eg glad for at de også har valt å drive med politikk, sa Kjøllesdal.

Han meiner det er nødvendig at ungdom engasjerer seg.

– Og eg skal love dykk at dersom de held ut kjem de til å få utruleg mykje igjen for det, fortsette han.

Tom-Øyvind Solheim (t.h) fortalde om korleis Nordfjord opplæringskontor støttar lærlingane i Nordfjord. Foto: Kjellrun Åsebø

I tillegg til ordførarane fletta rådgjevar i Nordfjordrådet, Elisabeth Hatlenes, saman programmet og Tonje Bjerkan i Nordfjordakademiet fortalde om alt dei kan hjelpe ungdom og vaksne som har lyst å jobbe i Nordfjord med. Dagleg leiar i Nordfjord opplæringskontor, Tom-Øyvind Solheim snakka om korleis dei følger opp lærlingar heilt fram til dei står med fagbrevet i handa.

– Vi diggar ungdom som er engasjerte og som kjem med innspel, sa Solheim til representantane i salen.

Elisabeth Hatlenes saman Per Kjøllesdal, Anne Kristin Førde, Marco Elsafadi, Eusebiu Amanalachioai og ein del av ungdomsrepresentantane. Foto: Kjellrun Åsebø

Marco Elsafadi snakka også med ungdomsråda om inkludering, å sjå og lytte til alle ungdommar, medan første nestleiar AUF, Vestland, Eusebiu Amanalachioai, ga ungdomsråda praktiske tips om korleis organisere det politiske arbeidet og jobbe saman på ein god måte.

Tonje Bjerkan i Nordfjordakademiet oppfordra ungdommen til å ta kontakt dersom dei trengde råd eller hjelp knytt til utdanning eller jobb. Foto: Kjellrun Åsebø