– Det er éin bil involvert og det er to personar i bilen, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Naudetatane rykte ut med ein gong.

– Brannvesenet rykker ut frå Eikefjord, opplyste redningsleiar ved 110 Vest klokka 00.51.

Ifølge politiet var skadeomfanget på dei involverte ukjent.

Litt over klokka 01.00 melder politiet at dei involverte er bevisste og ute av bilen.

Både brannvesen og ambulanse var då framme på staden.

– Det er redusert framkommelegheit på fylkesveg 614, Magnhildskarvegen, mellom Grov og Norddalsfjord grunna trafikkuhell, opplyste Vegtrafikksentralen vest.