Denne saka er ein del av bilaget Hus & heim gitt ut av Nordfjordsamkøyringa fredag 6. mai.

– Eg kjem opphavleg frå Måløy. Vi budde der oppe i Gate 6 med fantastisk utsikt mot sjøen. Eg må berre sjå fjord og sjø, og gler meg til å flytte inn her med denne utsikta, smiler Gunnar Stensaker.

Saman med kona, Lisbeth Stensaker, kjøpte dei tomt på Høgenausen rett over Sandane sentrum. Huset er under oppføring, og planen er å flytte inn til sommaren. Huset ligg fint til saman med fleire nybygg rett nedanfor E39. Gjennom vindauga kan ein nyte ei flott utsikt over Sandane sentrum, Gloppefjorden og fjella på sørsida av fjorden.

Gunnar Stensaker har god utsikt over Sandane sentrum. Foto: Håvar Fagerli

– Det er ei fantastisk årstid no. Blå himmel og kvitt på toppane. Det er ei nydeleg utsikt, seier Stensaker.

Dei bur no i ei leilegheit i Sandane sentrum, men lengta tilbake til å igjen bu ein einebustad.

– Leilegheit i sentrum er fint det, men vi sakna det å ha lit betre plass. No bygger vi alt på ei flate for oss to oppe, og har gjesterom i kjellaren, seier han

Det er fleire handverkarar i sving rundt om på huset medan vi er der, og Gunnar sjølv jobbar med uteområdet.

– No er planen å kunne få flytte inn til pinse, og vi gler oss, seier han.

Huset til Gunnar og Lisbeth Stensaker med Ryssdalshornet i bakgrunnen. Foto: Håvar Fagerli