– Både medlemmer og bedrifter som ikkje er medlemmer er hjarteleg velkomne på møtet, skriv arrangøren i invitasjonen.
Møtet vil innehalde ei rekke foredrag og innlegg med relevans for lokalt næringsliv.
Administrerande direktør i Vestavind Stig Svalheim – aktuell med Bremangerlandet vindpark-prosjektet – vil snakke om vindturbinar, utfordringar og positive effektar. Børre Berglund fra Arena vil fortelle om lønnsomme vinteropplevingar før Visit Fjordlysten sin nye leiar Jan Helge Oppedal tar scenen.
Heilt til slutt vil rådmann Tom Joensen og dagleg leiar ved Knutholmen, Jan Fredrik Fosse, snakke om korleis ein er ein næringsvenleg kommune.