Prosjektet er no overført frå reiselivsselskapet Fjordkysten til Bremanger kommune. Dette melder Firdaposten.

Wenny Irene Hansen, som nyleg har slutta som dagleg leiar i Fjordkysten, forklarer til avisa at dei også har justert tidsplanen.

– Vi har søkt fylkeskommunen om forlenga frist til sluttrapportering til september 2018. Vi har fått innvilga søknad om å overføre tilskotet til parkeringsplass til sjølve Via Ferrata-prosjektet, fortel ho.

Ifølge Firdaposten er opprustinga av den ordinære turstien opp til Hornelen i rute. Den har blitt forbetra i visse parti og den har også blitt kortare etter endringar i traseen.

Tidlegare i år gav Sparebanken Sogn og Fjordane 200.000 kroner til sti-prosjektet frå Hunskår til Hornelen.

– Dette er kjempebra og vi er veldig takknemlege. Desse pengane går til eit prosjekt som er varig og veldig viktig for mange. I tillegg betyr 200.000 kroner frå Sparebankstiftinga mykje i form av at ein kan løyse ut andre midlar, sa Wenny Irene Hansen, som var prosjektleiar for turstien i Fjordkysten til Fjordenes Tidende i mai.

Målet med prosjektet er å restaurere stien frå Hunskår til Hornelen. Prosjektet har eit budsjett på om lag 6,6 millionar kroner.