Svein Inge Fosse og sonen Jan Fredrik Fosse ved Knutholmen i kalvåg har vore på ei stor messe i Berlin for å profilere sild og norsk natur.

- Ifølgje Norsk Sjømatsenter er norsk sild i utlandet litt av ei delikatesse, og i Tyskland er sild eit fiskeprodukt i særklasse. Derfor står sild på menyen når sjømatsenteret under prosjektet Smak av kysten har samla ei gruppe norske sjømatentusiastar på ei av Europa sine største møteplassar for reiselivsnæringa.

Blant deltakarane på Grüne Woche i Berlin er Svein Inge og Jan Fredrik Fosse, som representerer Knutholmen og Bremanger på den norske standen. Fosse fortel at Knutholmen fekk ei oppmoding om å vere med på den norske standen av Smak av Kysten. Han seier det var lett å bestemme seg for å delta.

- Vi er opptatt av at silda og norsk fisk må profilerast, seier Svein Inge Fosse på telefon frå Berlin.

Heile saka står i papirutgåva onsdag 26. januar.