Det har vore mange fødslar i Sogn og Fjordane så langt i år, melder Helse Førde.

Fødselstalet er større enn det har vore i same periode dei siste to åra.

På fem månader i 2010 har det vore 26 fleire fødslar samanlikna med fjoråret.

Ved Førde sentralsjukehus har det så langt i år vore 340 fødslar, mot 324 i fjor.

Ved Nordfjord sjukehus er det kome 108 nye babyar til verda mot 111 i same periode i fjor.

Ved fødestova i Lærdal har det så langt i år vore 37 fødslar. Det er 13 fleire enn på same tid i fjor.

Dei tre siste åra har det vorte fleire fødslar ved Førde Sentralsjukehus, medan det har vore ein liten nedgong ved dei to andre sjukehusa i fylket.