– Bakgrunnen er at vi ikkje ønskjer å endre organisasjonen betydeleg på nokon måte. Vi har heile tida sagt av vi skal ha ein modell med kommunalsjefar, samstundes har vi eit mål om ikkje å ha altfor mange toppleiarar, men eit tal som gjer at ein kan nå over ansvarsområdet sitt, seier prosjektrådmann Åslaug Krogsæter.

Fire kommunalsjefar

Torsdag la ho fram sitt forslag til administrativ leiarstruktur i Stad kommune. Prosjektrådmannen har lagt fram forslag om at strategisk leiing består av rådmann, tre stabsavdelingar (økonomi, organisasjon og strategi, fagutvikling og koordinering) og fire kommunalsjefar (oppvekst, velferd, samfunnstenester og samfunnsutvikling).

– Vi har per i dag stabsavdelingar i begge kommunane, og vi har eigentleg etterlyst og hatt behov for fleire funksjonar i staben for å vareta samordning, seier Krogsæter, som forklarar at stabsavdelingane fungerer som støttefunksjonar på tvers av sektorane i kommunen.

I dag har begge kommunane tre kommunalsjefar. Samanslåinga vil difor sørge for at ein effektiviserer organisasjonen.

– I dag er vi til saman tolv personar i den strategiske leiinga. Så klart det blir effektivisering. Vi må bygge opp ein organisasjon som kan handtere utfordringane og vere berekraftig fagleg og økonomisk i framtida. Alle skal behalde jobben sin, men nokre kan få endra oppgåver og ansvarsområde, forklarar prosjektrådmannen.

Kontorstad på Eid

Rådmannen sitt framlegg til leiarstruktur byggjer på intensjonsavtalen mellom Selje og Eid, og dei strategiane og målsettingane ein har sett seg i arbeidet med samanslåinga. I framlegget heiter det at det er ønskjeleg at rådmann, kommunalsjefar og stabsleiarane har kontorstad på Eid.

– I intensjonsavtalen går det fram at strategisk leiing skal sitte på Eid. Men så langt har ingen definert kva den strategiske leiinga skal bestå av, men dette er mitt forslag. Eg seier ikkje at det er naudsynt at alle i avdelingane skal sitte på Eid, men at leiarane er der. Samstundes må dei reise rundt om dei har tilsette ein annan stad, seier Krogsæter.

Intensjonsavtalen seier også at nærings-, utviklings- og planavdeling blir lokalisert med Selje som base. Dette er noko ein skal kome tilbake til seinare i drøftingane om leiarstruktur.

– Kva vi tenkte den gongen og kva vi tenker no må vi vere opne om. Vi arbeider med ein strategisk utviklingsplan, og vi må sjå på den kva som er hensiktsmessig. Men at Selje skal få arbeidsplassar det er heilt sikkert. Og det er slik at om kommunalsjefen for samfunnsutvikling sit på Eid, så kan likevel nærings-, utviklings- og planavdelinga sitte i Selje, forklarar Krogsæter, som legg til at ein ikkje har definert kva område som skal ligge under ansvarsområda til dei ulike kommunalsjefane.

– Noko fell sjølvsagt veldig naturleg, som at skule hamnar under oppvekst. Men så finst det andre område som vi må sjå nærare på, legg ho til.

Fastset struktur i oktober

I etterkant av at fellesnemnda har fått presentert framlegget til leiarstruktur skal dei sju gruppene, som skal arbeide med organisering av dei avdelingane ein no må slå saman, kartlegge sine ansvarsområde og kome fram til kva måte som er tenleg å organisere seg på.

– Når alle har gitt sine innspel skal vi samlast i midten av juni og prøve å få ei felles forståing av kva som er lurt. 20. september skal partssamansett utval og fellesnemnda få administrativ struktur til uttale, og administrativ struktur blir fastsett innan 1. oktober, forklarar Åslaug Krogsæter.