Eid vil nes­te år tren­ge fleire barnehageplassar og ei løysing med barnehagebuss er høgaktuell.

Frå nes­te år er det be­hov for å ut­vi­de barnehageplassar i Eid. I dag er det 13 born som står på ven­te­lis­te for bar­ne­ha­ge­året 2014/2015.

– Det er fleire moglegheiter. Vi kan rus­te opp eig­ne bygg. Vi kan byg­ge på eksisterande bar­ne­ha­ge, leige bygg el­ler kjø­pe ein barnehagebuss, sei­er kom­mu­nal­sjef innan opp­vekst, Ha­rald Si­vert­sen, i Eid kom­mu­ne.

Ei om­byg­ging av Val­hall til bar­ne­ha­ge vil kos­te minst ein mil­li­on kro­ner. Her må også ute­om­rå­det rustast opp. Å leige bygg kan vere billegare enn å byggje sjølv, men å fin­ne eit eigna bygg er utfordrande. Ut­byg­ging av eksisterande bar­ne­ha­ge vil truleg kos­te mel­lom fire og fem millionar kro­ner i rei­ne bygg­kost­na­der. I til­legg kjem auke i bygg­tek­nis­ke drifts­kost­na­der på grunn av auka are­al. Inn­kjøp av ein barnehagebuss vil kos­te om lag 2,9 millionar kroner. I til­legg kjem drifts­ut­gif­ter og av­drag på lån og ren­ter.

– Spørs­må­let er om ein har øko­no­mis­ke mid­del til det, vi veit jo ikkje kor man­ge born som kjem, sei­er Si­vert­sen.

Ein barnehagebuss i Eid kom­mu­ne kan sik­re kom­mu­nen opp mot 22 nye barnehageplassar.

Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve måndag.