Mykje har gått føre seg i dei politiske kulissane i Bremanger dei siste to dagane. Avtalen som var inngått mellom Ap, V, H og SV om ordførar og varaordførar blei på møtet gått vekk ifrå.

Ny ordførar i Bremanger er dermed Audun Åge Røys (H), og ikkje Espen Sortevik (Ap). Ny varaordførar er Marius Strømmen (Sp), ikkje Kåre Jarl Langeland (V). Røys fekk 12 stemmer mot Sortevik sine 11, sistnemnde truleg frå Ap og Venstre sine representantar.

Kuppa møtet

Det var hektisk gruppemøteaktivitet under konstitueringsmøtet i Bremanger torsdag. Allereie to minutt ute i møtet kalla Høgre inn til gruppemøte på val av vara til formannskapet. Og etter det heldt overraskingane – og gruppemøta – berre fram. Alle posisjonar og samansetningar var igjen i spel.

Ein avtale var gått inn mellom Ap, V, H og SV om eit samarbeid allereie to dagar etter valet. No viser det seg igjen at desse avtalene ikkje alltid er verdt papiret dei er skrive på. Ap, som var den store valvinnaren med åtte mandat, blei sett på sidelinja saman med Venstre (tre mandat), medan dei nye avtalekameratane H, Sp, KrF og SV tek for seg av formannskaps- og utvalsplassar.

Håpar på godt samarbeid

Den nye ordføraren seier at ordførarkjeda kom brått på.

– Kva har eigentleg skjedd bak lukka dører dei siste dagane?

– Eg kan ikkje seie så masse om det. Det kom brått på for meg også. Men det var plutseleg ting som skjedde som gjorde dette mogleg. Og da tenkte eg at det var dumt å ikkje gripe sjansen når eg fekk den, seier han.

– Der låg jo føre ein avtale allereie. Kunne den så enkelt brytast?

– Det var nok litt uklarheit omkring korleis ein forstod den avtalen, seier Røys.

– Korleis trur du samarbeidsklimaet blir etter dette?

– Eg håpar jo det gode samarbeidet kan halde fram. Men eg skjønner jo at det er mange som no er skuffa. Men eg håpar vi alle kan sjå framover og jobbe til det beste for kommunen. Dette er ikkje eit sololøp.

– Vil de få betre rom for Høgre-politikk i den ny konstellasjonen?

– Vi er dei fem vi er i kommunestyret. Vi er i mindretal. Men eg håpar jo vi kan sette vårt preg på sakene.

– Det kom brått på, seier du. Er du motivert til denne jobben?

– Eg har eigentleg ikkje fått tid til å tenke meg om enno. Men eg har lang erfaring å byggje på, 16 år i kommunestyret. Eg får byggje på det, avsluttar Røys.

Takka for tilliten

Den nye ordføraren i nytta også anledninga til å takke for tilliten etter han blei vald.

– Eg skal gjere mitt beste som ordførar, sa Røys til kommunestyret, før han leia det neste valet, av varaordførar.

 – Det var Ap som braut avtalen

Ifølge Per Røys i Høgre var dette ikkje eit avtalebrot frå Høgre og SV si side. Det meiner det var Arbeidarpartiet som braut avtalen med dei.

– Dei har ført oss, både Høgre og SV, bak lyset. Dei har lova ting dei ikkje kan stå ved. Det handla i praksis om ein formannskapsplass for oss, seier Røys.

Høgre har ein representant som snart går ut i permisjon. Erstattaren for henne var ifølge Røys frå Ap si side planlagt å vere ein Ap-representant. Ap ville då fått tre formannskapsrepresentantar av sju totalt.

– Dette blei kjent for oss onsdag kveld. Vi kan ikkje akseptere at denne plassen vert overlate til ein Ap-representant, seier han, og legg til:

– Det er viktig å få fram at det er vi som er lurt, ikkje Ap.Høgre tok dermed kontakt med Sp som var klare for posisjonen.

– Kunne ein ikkje løyst dette innanfor det samarbeidet ein hadde?

– Dei har hatt nok moglegheiter til å gjere dette på ein betre måte. Dei kunne løyst det elegant ved å bli einige om posisjoner etter valet. Men dei valde å kome til forhandlingar med ein allereie vald varaordførar. Det er dei som har rota det til for seg sjølve. Dei må leite etter syndaren i eigne rekkjer, avsluttar Røys