– Vi har framleis midlar som er sett av til denne typen tiltak, så oppvekst- og kulturstyret vil jobbe vidare med å finne ein plass også til det neste anlegget. Det er eg heilt sikker på vi skal få til. Det er løyvt midlar og der er vilje, slår ordførar Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy fast.

– Vi har pengar til eit liknande anlegg til, og då vil vi prøve å lage til noko til dei litt større barna. Dette skal vi ta oss råd til, seier leiar Olav Horn i oppvekst- og kulturstyret.

– Viktig med møteplass

Folkehelsekoordinator i Vågsøy kommune, Birte Sandal, var til stades på opninga av det nye leikeområdet. Ho meiner det er viktig å ha ein møteplass i Måløy sentrum.

Folkehelsekoordinatoren håpar at ein vil gjere tiltak i resten av sentrumsparken.

– Eg håpar resten av parken kan bli følgt opp, det veks litt vilt rundt her, seier ho, og viser til at det er mykje plantar og tre rundt det nye leikeområdet.

Opning med frukt og leik

Fredag var det som nemnt opning av det nye leikeområdet i Sentrumsparken. Dette vart gjort på skikkeleg vis med treåringane frå Skavøypoll barnehage til stades. Ordføraren klipte snora på anlegget og barna fekk teste ut dei nye leikeapparata i sentrum.

Ordføraren trur leikeområdet blir eit bra tilskot i sentrum.

– Eg har sjølv vore her i helgane og sett at det har vore mykje små ungar og foreldre her. Vi har eit sentrum som har vore litt lite tilrettelagt for aktivitet. Det å ha nokre samlingsplassar og fargeklattar i sentrum har vore etterlyst, og no byrjar vi, seier ho.