Fredag kveld klokka 21.20 køyrde ein bil med tre personar i utfor vegen på Rv 15 på Naustdal ved Haugen i Eid.

Det var tre personar i bilen, som hamna utfor vegen, og som gjekk rundt og vart liggjande på taket.

Dei tre vart sende til kontroll på Nordfjord Sjukehus. Det var ingen alvorleg personskade.

Sogn og Fjordane Politikammer opplyser at grunnen til utforkøyringa skal ha vore våt vegbane og vassplaning ifølgje føraren av bilen.

Det var ikkje andre bilar involvert i ulukka.

Saka vert etterforska av lensmannen på Eid.