Produsent Svein Arild Vatsø frå Bremanger kan dermed stikke av med Spellemannspris.
Fredag kveld vart dei fem nominerte kandidatane til årets spellemannspris for beste musikkvideo offentleggjorde: Yoga Fire, Röyksopp, Lars Vaular, Kaizers Orchestra og Casiokids.
Det norske bandet Yoga Fire spelte inn sin video i Bremanger og med bremangaren Svein Arild Vatsø som produsent.
Det er ei kjempestor tillitserklæring. Eg er veldig stolt og audmjuk. Vi har lagt mykje arbeid ned i filmen, seier Vatsø til nrk.no.
Filmen vart spelt inn i Bremanger i mai 2009, og Jenny Skavlan var sentral i den over seks minuttar lange musikkvideoen.
Heile saka står i papirutgåva måndg 14. februar.