Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 31. oktober.
Kinn-tilhengarane har ein stor jobb å gjere
Nytt rådhus, ny fotballhall, ny brannstasjon, ny barnehage og nye omsorgsbustadar er noko av det som står på politikarane i Flora sin ambisiøse investeringsplan fram til og med 2019. Politikarane i Flora vil fornye kommunen før dei slår seg saman med Vågsøy og eventuelt Bremanger. Flora har planlagt investeringar for cirka 240 millionar kroner i år. Dei neste tre åra er planen å investere totalt 635 millionar kroner. Lånegjelda til Flora var på vel 1,4 milliardar kroner ved utgangen av 2016 og er venta å auke til meir enn to milliardar kroner innan utgangen av 2020 dersom denne investeringsplanen blir gjennomført. Denne gjelda vil Flora ta med seg inn i nye Kinn kommune. Dei vil også sjølvsagt ha med seg verdiane som det blir investert i. Men desse verdiane vil ikkje innbyggarane i nordre del av den nye kommunen ha mindre nytte av.
Politikarane i Flora har langt meir ambisiøse planar for det som skal skje framover og er meir positive til samanslåing enn det kollegaene i Vågsøy er. I sist kommunestyremøte, då politikarane i Vågsøy drøfta om Bryggja skal få skifte kommune, så var det heilt tydeleg at skepsisen fleire politikarar har hatt til samanslåing med Flora framleis er der. Det var alt anna enn god stemning mellom dei som vil dette og dei som ikkje vil.
Dette har vore, og er framleis, ei stor utfordring for prosessen med samanslåing som politikarane har starta. Ja, for medan Vågsøy-politikarane framleis er sterkt usamde om mykje, så er Flora-politikarane langt meir samla, dei posisjonerer seg og ser framover. Dei i Vågsøy som ser store moglegheiter og gevinstar ved at Vågsøy og Flora blir ein kommune, har framleis ein stor jobb å gjere med å gje motstandarane i heimkommunen trua på at ei samla kommune med Flora er det beste for Vågsøy.