Om du er student tilrår Valdirektoratet deg å sjekke i valkortet ditt kvar du har stemmerett, slik at du rekk å førehandsstemme om du har behov for det.

På valdagen må du stemme i den kommunen du har stemmerett i. Det vil seie den kommunen du var registrert som busett per 30. juni 2023.

Før siste dag av førehandsstemmeperioden har 1.123.339 veljarar førehandsstemd. Det er 31,6 prosent fleire enn ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019.

(©NPK)