Store flaumskader mange stader gjer at vegar står under vatn eller er raserte som følgje av flaumen.

Status onsdag morgon er at rv. 15 er stengt mellom Lom og Vågå, der entreprenør måtte grave over vegbana vest for Byrbergtunnelen tysdag kveld for å få vatnet unna. Dette ifølgje lokalavisa Fjuken.

Også lenger ned i Ottadalen er rv 15 stengt, nærare bestemt mellom Lalm og Otta.

Ekstremveret «Hans» skaper store problem for trafikkavvikling mange stader.

Ifølgje Gudbrandsdølen Dagningen er store delar av Gudbrandsdalen isolert. E6 som er hovudferdsleåra mellom nord og sør, og også mellom Nordvestlandet og Austlandet, er stengt ved Sjoa, Ringebu og Frya.

Mange stader står vegbana under vatn. Det er og meldt om jordskred fleire stader. Det er usikkert når vegane kan bli opna att.

Også E6 nordover er stengt. Mellom Hjerkinn og Dovrefjell er vegen stengt på grunn av fare for ras og mykje vatn i vegbana, melder Gudbrandsdølen Dagningen.

Onsdag føremiddag er desse vegane stengt, og det er usikkert når dei kan opne igjen:

  • E6 mellom Dombås og Oppdal

  • E6 mellom Nord- Fron og Sør Fron

  • Rv 3 mellom Rena og Alvdal

  • Rv 7 mellom Hønefoss og Geilo

  • E16 mellom Bagn og Aurdal

  • Rv 4 mellom Roa og Gran

  • Rv 15 Ottadalen

I tillegg er 77 fylkesveger stengt, og ytterlegare 19 er påverka av flommen.

Desse vegane er opne:

For reisande mellom sør og nord i landet er fv. 30 open for ferdsel, men er stengt for køyretøy med totalvekt over 3,5 tonn ved Holta bru i Holtålen. For reisande mellom øst til vest er E134 open.

Statens vegvesen arbeidar i døgndrift på og langs vegnettet.