Årsaka til oppmodinga til Kjerkol om at eldre må ta ansvar, er at vi i framtida vil få store utfordringar med kapasiteten i helsesektoren, skriv forskning.no.
Bodil Hansen Blix er aldersforskar og professor ved Institutt for helse- og omsorgsfag ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho meiner at Kjerkols ord er eksempel på ein retorikk som grip om seg i heile samfunnet.
Vil legge ned skular, auke eigedomsskatten, kutte 20 administrative årsverk og la eldre ta ansvar for eiga helse
– Vi skal eldast med suksess, seier Blix til forsnking.no.
Eldre blir oppmoda til å vere fysisk aktive og halde seg friske, samt vere sjølvstendige og sjølvforsynte, og ikkje bli passive mottakar av tenester.
Det er vanskeleg å motseie at aktivitet, produktivitet, sjølvstende og valfridom er fine ting. Problemet er berre viss dette blir eit moralsk imperativ som gamle menneske må etterleve, meiner professoren.
«Kunsten å være pårørende»
– For mange gamle går det heilt fint å følgje oppmodingane frå styresmakta, men vi må ikkje gløyme dei som ikkje har føresetnad for å eldast med suksess, seier Blix.